Ein skole både for praktikarar og framtidige studentar

På Søve vgs kan ein bruke mykje av skuletida ute i skogen, og samtidig få studiekompetanse. Eller ein kan bli lærling og få seg praktisk arbeid i skogen.

Det er med andre ord absolutt ein skule for dei som vil lære gjennom å gjere ting i praksis.  Samtidig er ein ikkje låste. Det seier Atle K Rød, avdelingsleiar for programfag på Søve vidaregåande skole. I år er skolen for første gong representert på Telemarkskogen med skogdelen av utdanninga. Skog er slett ikkje det einaste dei driv med, men det er det som er mest interessant for oss på skogstanden.

 

 

Atle K. Rød, Søve

 

 

Også friluftsliv

Men denne utdanninga på Søve handlar ikkje berre om hogst og tynning. Det handlar også om friluftsliv, både i praksis og om korleis det kan vere ein næringsveg. Jakt er også med. Blant anna kan elevane, i tillegg til å ta traktorsertifikat, også avlegge jegerprøva.  

På Telemarkskogen under Dyrsku’n vil det vere elevar som byggjer fôringsautomat for rådyr, bygginga vil gå føre seg heile tida. Det vil også bli vist rett pakking av tursekk og påkledning. Og naturlegvis vil dei vise ein presentasjonsvideo av skulen. I samarbeid med Kongsberg vidaregåande skjule vil også hogstmaskinsimulatoren bli vist. Her går det an å prøve seg i praksis, ”virtuelt”.

Både skog og friluftsliv

Første året på skolen er grunnferdigheitene prioritert, opplyser Rød. Elevane lærer å kjenne skog og tre, produserer ved og ungskogpleie. Dei har prosjekt og fordjuping i hogst og køyring av tømmer. Da er elevane ute og køyrer. Dei driv også med skjøtsel, med blant anna planting.

Andre året er det meir fordjuping og profesjonelt skogbruk, dei driv ut tømmer og dei lærer vedlikehald, dei skrur. Det blir med andre ord nokre timar på verkstaden. Men dei lærer også om tilrettelagt friluftsliv og friluftsliv som næring.

Etter andre året blir ein del lærlingar i to år før dei tek fagbrev. Dei andre går tredje året naturforvalting. Det gir studiekompetanse. Mange av dei som vel denne utdannings vegen får arbeid innan skog og utmark på funksjonærnivå. Med den utdanninga kan ein også gå inn på universitet og dei fleste høgskular.

Trivsel viktig

- Kvifor bør ein velje Søve?
 - Eg trur man får betre resultat dersom ein trivst. Vi legg stor vekt på trivsel. Dessutan gir skolen både praktisk utdanning og studiekompetanse. Det er ein liten skole med gjennomsiktig miljø. Samtidig stor nok til at det er mykje å spele på, meiner Rød.

Om lag halvparten av elevane bur på internatet, medan nokre bur på hybel i Ulefoss. Dessutan er skulen sentralt plassert og det går greitt å kome med buss både frå Grenland, Notodden og Midt-Telemark, elevane i desse områda treng dermed ikkje å bu på hybel.

Thomas Waal
Søveelve i aksjon i NM


Fjerdeplass i NM

For dei som både likar motordur og å konkurrere kan deltaking på NM i motorsag vere noko å få med seg. I vår vart ein av elevane frå Søve nummer fire individuelt, ei respektabel plassering.

Fylkesselskapene
Her finner du alle
fylkesskogselskapenes sider
Bli medlem
Du kan enkelt bli medlem av
skogselskapet
Nyhetsbrev
Få siste nytt fra Skogselskapet
Meld deg på
 
Utviklet av 07 Web