Tips oss Tips oss

Tips oss direkte på mail eller telefon: 971 33 405
Mer informasjon

Redaktør: Per Fossheim

Det norske Skogselskap
Wergelandsvn. 23B
0167 Oslo

Telefon: 23 36 58 50

E-post:
per.fossheim@norsk-skogbruk.no

Hjorteviltet utgis av
stiftelsen Elgen

Koster hjorten mer enn den smaker

Den store hjortestamma på Vestlandet er ein viktig utmarksressurs som representerer store verdiar for grunneigarar i form av kjøt, jaktutleige og rekreasjon. Samstundes utøvar hjorten skadepress på innmark og skog, noko som gjer at reknestykket vert betydeleg meir komplisert. Resultata så langt syner at hjorten preferer eng med høgt innhald av timotei. Dette er den kvalitativt beste og økonomisk mest verdifulle enga, og hjorten vil ved si beiting endre artsamansettinga i desse engstykka. Dette påfører gardbrukarane ein økonomisk kostnad i form av avlingstap og forringa forkvalitet. Samstundes syner resultata òg at det er svært stor variasjon i skadeomfanget mellom gardbrukarane.

 

På denne bakgrunnen starta Bioforsk Vest Fureneset (tidlegare Planteforsk Fureneset Fagsenter) opp eit forprosjekt i 2000 som i 2003 vart vidareført som eit større prosjekt. Eit neste skritt i prosjektet er å utvikle ein takseringsmodell for beiteskader i eng som skal kunne brukast i den lokale bestandsforvaltinga.

Les hele saken (PDF)

 
Utviklet av 07 Web