Tips oss Tips oss

Tips oss direkte på mail eller telefon: 971 33 405
Mer informasjon

Redaktør: Per Fossheim

Det norske Skogselskap
Wergelandsvn. 23B
0167 Oslo

Telefon: 23 36 58 50

E-post:
per.fossheim@norsk-skogbruk.no

Hjorteviltet utgis av
stiftelsen Elgen

Felt meir hjortevilt enn nokon gong

2007 vart det felt til saman 72 870 elg, hjort og villrein i Noreg. Dette er meir enn nokon gong tidlegare. Dei forvaltningsmessige utfordringa er samtidig mange, skriv NINA i ein ny rapport. Hjortebestanden aukar framleis i raskt tempo, og negative konsekvensar av høg bestandstettleik er no tydelege i alle overvakingsregionane. For elg og villrein er situasjonen meir nyansert. Medan det er betring å spore i område som tidlegare sleit med svekka bestandkondisjon, er trenden no negativ i andre regionar. For første gong er det levert ein årsrapport frå overvakingsprogrammet for hjortevilt der både elg, hjort og villrein er presentert samla.

 

Første femårsperiode
Det nasjonale overvakingsprogrammet for hjortevilt vert gjennomført på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning. Norsk institutt for naturforsking (NINA) er ansvarleg for dette arbeidet, og 2007 var det første av fem år i ein ny kontraktperiode.

Heilt sidan starten av overvakingsprogrammet i 1991 har det vore ein systematisk nedgang i bestandskondisjon innan dei tre overvakingsområda for hjort (i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal/Sør-Trøndelag). Denne utviklinga er etter alt å døme relatert til den stadig aukande bestandstettleiken.  Dersom bestandsveksten får halde fram, vil dei negative konsekvensane forsterke seg i åra framover.

Bedre i nord enn i sør
Hos elg er kondisjonen framleis dårlegare i dei fleste sørnorske bestandane samanlikna med bestandane frå Trøndelag og nordover. I de to sørlegaste overvakingsområda (i

Vest-Agder og Vestfold/Telemark) er det enno inga konsekvent auke i bestandskondisjon trass i at bestandstettleiken er redusert vesentlig sidan bestandstoppen på starten av 1990-talet. Det er likevel ting som tyder på at nedgangen i bestandskondisjon har stoppa opp. Lenger nord og aust (i overvakingsområda i Oppland og Hedmark) er kondisjonen høgare og til dels meir stabil. Dei siste åras negative utvikling i Hedmark, kan derimot tyde på at denne situasjonen er i ferd med å snu. Årsaka kan vere vedvarande høg bestandstettleik gjennom mange år. Dei same trendane er også synlege i sett elg-materialet. Kondisjonen i elgbestandane frå Trøndelag og nordover er framleis høg og stabil.

Utviklinga i vekter og kalveproduksjon viser at kondisjonen hos villreinen på Hardangervidda og i Setesdal Ryfylkeheiane no er i betring etter mange år med lave tal. Dette heng saman med ein målretta og vedvarande bestandsreduksjon. I dei nordlege overvakingsområda (Rondane, Snøhetta, Knutshø, Forollhogna) vert bestandane halde på eit stabilt nivå, som ligg lågare enn på 1980-talet. Likevel er det ting som tyder på bestandskondisjonen er i nedgang.


Vil ha betre kontroll av hjorten

Den største utfordringa i åra framover blir å få betre kontroll med utviklinga i dei lokale hjortebestandane. Betre kunnskap, samorganisering og definering av klare forvaltingsmål vil vere dei viktigaste faktorane for å oppnå dette. Dei seinare åra har det skjedd store forbetringar med omsyn til organisering av jakteiningar og etablering av fleirårige bestandsplanar. I tillegg har dei fleste hjortekommunar innført sett hjort-registreringar. Dette er mange steg i rett retning. For å redusere lokale konfliktar knytt til trafikk- og beiteskadeproblematikk m.m., og for å ivareta ein god kondisjons- og helsemessig status hos den norske hjorten, er det avgjerande at den lokale forvaltninga no tek nødvendige grep for å få kontroll med bestandsutviklinga. 



Kontaktperson i NINA: Erling J. Solberg (Erling.Solberg@nina.no)

 

 
Utviklet av 07 Web